Inspirasjon

For Utvik Tre er produksjon tilpassa mål utanom standard det vanlege. Ein stor del av våre prosjekt er teikna og målsett etter kunden sine ønskjer og behov. Vår oppfatning er at sjølv om du har behov for andre løysingar og mål eller rette og slett ynskjer å investere i godt handverk så behøver ikkje dette føre til at du må betale store prisskilnader. På desse sidene ynskjer vi å presentere eit utval av prosjekt og løysingar vi har levert.

Vi håpar at utvalet vi her presentert kan vere til inspirasjon og gje deg idear til prosjekt vi kan hjelpe deg med. Du er velkomen til å ta kontakt med oss for å høyre om vi kan hjelpe deg med det du er ute etter. Lite eller stort, du er uansett like viktig for oss!