Historie

Utvik Tre held til i bygda Utvik i Stryn kommune. Stryn blir gjerne assosiert med design. Ei rekke verksemder og kjente varemerker innafor bransjar som tre, metall og tekstil er lokalisert i kommunen.

Utvik har rike og lange tradisjonar når det gjeld handverk. I lokala der Utvik Tre har verkstad «ute på Moelven» har det vore produksjon frå attende til 1947. Mesteparten av tida sidan har dette vore industriell produksjon av ulike produkt i tre.

Utvik Tre vart etablert i 2012. Vi bygger vidare på lang erfaring og solide tradisjonar, med både tilsette og medeigarar som har «vakse opp» i produksjonshallane og har tileigna seg mange år med kunnskap og erfaring med produksjon og handverk i heiltre.

For Utvik Tre starta det heile med at vi tok over produksjonen av den kjente OT-kjelken. Etter kvart har vi utvikla fleire bein å stå på, og er i dag ein snikkarverkstad som kan leverer eit breitt sortiment av interiør og eksteriørprodukt . Produksjonen skjer hovudsakeleg med kunden sine eigne mål og spesifikasjonar.

Visjon

Utvik Tre skal vere leverandør av handverksmessig produksjon med høg kvalitet. Vår kunnskap og produksjon tek utgangspunkt i heiltre løysingar av ulike treslag.

For å leve opp til denne målsetjinga har vi som rettesnor at

Tre er vår kjernekompetanse
Design og kvalitet står i sentrum
Fleksible og løysingsorienterte i møte med kunde

arbeidssettVårt arbeidssett

Vi trur at resultatet blir best når vi er involvert i større eller mindre grad heile vegen frå ide og skissestadiet til ferdig montert produkt. Eit ideelt arbeidssett på ein interiørløysing skjer i fleire steg. Det startar gjerne med eit besøk med besiktning og samtale om kva som er viktig for deg som kunde, stilart og andre preferansar for utforming. Vi teiknar deretter skisser, foreslår materialval og finish. Når løysinga er godkjent, startar jobben med produksjon og bestilling av tilbehøyr og utstyr som skal vere med i leveransen. Til slutt montasje og kvalitetskontroll.

I mange tilfelle, når det er mindre og enklare behov, går denne prosessen raskt. Uansett liten eller stor løysing er det vår overtyding at denne arbeidsmetodikken er bra for at du som kunde skal få ei god og tenleg løysing.