OT-kjelken

Den eksklusive kjelken er utvikla av den prislønte møbelsnekkaren Thorleif Nordengen. Gjennom selskapet Oppsal Treindustri på Grünerløkka i Oslo, har han produsert OT-kjelken ei årrekke.

For sitt arbeid med tre har Nordengen blitt tildelt utmerkelsar, både Oslo kommunes kulturpris og Norske Bruks-kunstneres kulturstipend.
OT-kjelken er med åra blitt eit omgrep som blir assosiert med kvalitet og flott design. Det er ikkje utan grunn at Dagbladet i 2003 omtalte kjelken som «Akebakkens Rolls-Royce»!

Ny kjelkemakar

I Utvik Tre er vi stolte over at vi frå 2012 har teke over og fører vidare produksjon av dette vakre handverket. Produksjonen skjer nå frå lokale til Utvik Tre i fjøresteinane ved ein vakker vestlandsfjord, Nordfjord.

Kjelkemakaren til Utvik Tre er Johan Berge. Johan har frå ung alder arbeida med produksjon i tre. Gjennom eit langt yrkesliv har han difor opparbeida seg solid handverkarkompetanse og eit godt grunnlag for å produsere kjelkar. Kjelkeproduksjonen skjer framleis med same utstyr og teknikk som Nordengen utvikla. Alt ligg til til rette for at både kvalitet og tradisjon blir tatt vare på for framtida!

ot-kjelke

Solid norsk handverk – laga for leik og moro!

OT – kjelken er ekte norsk handverk! Materialbruken er sett saman for å kombinere eleganse og styrke. Resultatet er blitt ein vakker kjelke som toler leik og moro!

Meiane er laminert av bjørk og mahogny. Resten av trematerialane er henta ut av lokalt voksen vestlandsbjørk. Meiane er utstyrt med spesialutvikla glidebelegg i friske fargar. Belegget gir kjelken svært god glideevne.
OT-kjelken er sett inn med olje! Med å tilføre ny olje regelmessig kan den haldast fin år etter år! Men sjølvsagt vil treverket med åra få ein fin grå patina over seg, slik eit naturprodukt skal!

Bilete og videoar frå brukarar

Utvik Tre tar gjerne i mot bileter og videosnuttar som viser leik og aktivitet med OT-kjelken. Vi viser eit utval av det vi mottar på våre nettsider og andre media.

Biletgalleri